Klikk på ikona under for å koma til dei ulike sosiale kanalane:
Markus Lirhus er ein gitarist frå Voss (for tida buseten i Kristiansand) som spelar instrumentalmusikk på akustisk gitar. Han spelar fingerspelgitar og er inspirert av ei rekkje ulike gitaristar, som Tommy Emmanuel, Jon Gomm, Martin Simpson m.m. Han er også inspirert av mykje folkemusikk og prøver å føra folkemusikken inn i spelinga hans.
Markus er aktiv på YouTube og legg stadig ut nye cover og eigenskrivne låtar der. Han spelar også konsertar og tek veldig gjerne på seg speleoppdrag.